Quantcast
Channel: Eg sa strikk!
Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Deilig høststrikk

$
0
0

Her kjem eit knippe med enkle og deilige gensere perfekt for hausten.

Men aller fyrst, alle treng ei ordentlig hipsterlue til hausetn og da er Tjukklua frå Drople design perfekt! Den er kjempeenkel og noe alle kan strikke. Den passer til Vamsegarn frå Rauma, Fritidsgarn fra Sandnes garn eller Blåne pelsullgarn frå Hillesvåg. Eg har strikka den i Blåne og pelsullgarnet blir så fantastisk etter at det er skylt opp. Garnet blomer og gir ein heilt spesiell mjukheit.

Dei aller enklaste genserene som alle kan strikke

Majagenser frå Mama knit er ei superfin genser i perlestrikk og med litt høg hals. Den er strikket i Drops Air, eit lett, luflig og rimeleg garn som ein får tak i på nett eller i dei fleste garnbutikker.

Kan ikkje la være å ta med Ingendikkedarergenser frå Petite Knit. Den har heile strikkeinstagram strikka og alle elskar den! Her en det mange ulike garnalternativ. Eg strikkar no ein i Sol frå Hillesvåg. Andre garnforslag er Drops Kid silk og Drops Flora. Eg har også sett noken som har strikka den i Pickles pure wool og Pickles merino tweed, både med og uten ein tråd Silk mohair.

Ein anna genser frå Petite knit er Ankers trøye. Veldig fint og enkelt mønster. Her kan ein også nytte ulike garnalternativ, til dømes Merino ull frå Sandnes garn. Denne finnes også i barnestorleik.

Lokal Oslo har mykje kule og enkle oppskrifter. The Frida sweater er strikket i Pickles Big Fuzz. Enkel men veldig kul genser!

Lokal Oslo har også The Michelle sweater i Tweed frå Sandnes garn og Finull frå Rauma. Den kan og strikkes i PT garn frå Rauma garn.

Lett høyhalsagenser frå Pickles Oslo er ein superfin og deilig genser til hausten. Den er strikket i Pickles Pure wool, her er det fleir garnalternative, til dømes Finull frå Rauma og Silk mohair frå Sandnes garn.

Ein liknande genser er Lisagenser frå Gutten og strikkemor. Den er strikka i ein mer eksklusiv garnkombinasjon med Silk mohair og Alpakka silke frå Sandnes garn. Her er det absolutt mulig å nytte ei rimelegere garn, til dømes Drops Flora som er eit alpakkagarn og Drops Kid silk.

Her kjem nokre gensere som har litt mer detaljer og utfordringer, men dei er forstatt enkle å strikke!

The Elisa sweater frå Lokal Oslo har holmønster på ermene og perlestrikk på bolen. Den er strikket i Pickles Big Fuzz som gir ein herlig deilig effekt.

The Naomi sweater, også frå Lokal Oslo, har eg strikka til meg sjølv og er ein av favorittene mine. Har strikket 2 stykker og bruker dei kvar veke. Den er strikka i Pickles Big Fuzz på pinne 5 og går ganske raskt å strikke. Ermene og bolen har eg strikket lengre, syntes den var litt kort.

IMG_8646

Meg med ny genser

Perleflettegenser frå Knit by Andrea er strikket i perlestrikk og med fletter på ermene, så fint! Den er strikket i Drops Air og på pinne 5 og blir supermyk og luftig.

Og til slut, min absolutte favorittgenser – Qanikgenser frå Pickles Oslo ! Den er strikket i Pickles Tweedy og Silk mohair på pinne 6 og er den perfekt haustgenseren med høy hals og splitt i siden. Eg har strikka ein i burgunder og ein i svart til meg sjølv, i tillegg har eg strikka ein i raud til syster og ein i blågrå til mamma.

IMG_1212

Ein raud Qanik og ein burgunder Qanik 

IMG_1214

Fine systra mi på Løkka

IMG_1473

Måtte prøve genseren til Mamma

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 10